DIS-Norge
 
  English Norsk  

Årsmøte for Slekt og Data Sogn og Fjordane

Innkalling til årsmøte for Slekt og Data - Sogn og Fjordane:

Tidspunkt: Laurdag 25. mars 2017, klokka 11.00
Stad: Thon Hotell Skei

Saksliste til møtet:
1. Registrering av deltakarar, og evt. fullmakter
2. Val av møteleiar og referent, samt to medlemmer til underteikning av protokoll
3. Årsmelding 2016
4. Rekneskap og revisor sin merknad
5. Ansvarsfridom for styret
6. Handsaming av innkomne forslag: Dekking av kostnadar i samband med kurs/møtedeltaking, val av representant ved tillitsmannskonferanse/årsmøte, og evt. andre forslag som vert meldt inn
7. Budsjett 2017
8. Val av leiar og styremedlemmer
9. Val av valnemnd
10. Eventuelt

Påmelding: Grunna bestilling av servering er det ønskjeleg å vite kor mange som kjem til årsmøtet. Påmelding til styremedlem Marita Brandsøy Lystad på tlf: 41428999 eller e-post: maritab.lystad@gmail.com. Frist for påmelding er laurdag 18.mars 2017.

Vi minner om at alle medlemmer er velkomne til årsmøtet! Vel møtt!