DIS-Norge
 
  English Norsk  

Folketellinga 1875 ventar på å bli fullført- kan dette vere noko for deg?

Folketellinga 1875 er berre delvis ferdig transkribert. I Sogn og Fjordane er Kinn, Florø, Eivindvik, Vik, Hafslo, Førde, Bremanger, Selje, Davik, Eid, Hornindal, Gloppen, Innvik og Stryn så og seie ferdige, medan dei andre stadene manglar. 

Registreringssentralen for Historiske data ved Universitetet i Tromsø har no teke kontakt med DIS Sogn og Fjordane for å høyre om det er interesse for å delta i eit samarbeid, der ein via dugnad fullfører transkriberinga av folketellinga 1875 også for vårt fylke.

Kanskje kan dette vere noko for akkurat deg? Ta i så fall kontakt med DIS Sogn og Fjordane på e-post: leder@sf.disnorge.no