DIS-Norge
 
  English Norsk  

Gamle vevsider

Her vil vi legge ut informasjon som ikke er aktuell lenger.

Rundskriv til alle DIS-medlemar i S&F

Laurdag 6 okt. ber vi inn til medlemsmøte på Skei skule på Skei.

Dette blir det fyrste ordinære medlemsmøtet ved det nye styret som er samansett slik:

Frå Årsmøtereferatet:

Sak 5: Val.

a: Val av leiar: Jan Eide (samr)

b: Styremedlemer for 1 år: Halvar J. Bolstad (samr.) Bjørn Eide (samr)

c: Styremedlemer for 2 år: Eli Høydal (samr) Ottar Solberg (smar)

d: Val av vara: 1.vara: Knut Osvoll (samr)

2.vara: Magne Styve (samr)

Sak 6: Val av revisor: Trygve Asheim (samr)

Valnemnd.

For Nordfjord: Torill Sandseth, Sandane

For Sunnfjord: Magne Styve, Jølster

For Sogn: Marit H. Nesse, Sogndal.

På styremøte 19 juni gjorde vi dette vedtaket:

1: Medlemsmøte.

6.oktober skal vi ha medlemsmøte på Skei frå kl 11.00 til ca. 15.00.

Jan Eide vil først orientere om DIS-Sogn og Fjordane, og det vil vere høve for dei frammøtte å kome med kommentarar og spørsmål.

Etterpå vil vi få ei orientering om Fylkesarkivet og korleis vi kan bruke dette på internett. Jan Eide vil kontakte Urtegård eller Natvik for å be ein av dei om å stå for denne orienteringa. Vi vil her nytte oss av datamaskinene på Skei skule.

Vi skal ha kaffi og mat på skulekjøkkenet. Vi spør 4H eller speidarane om dei kan hjelpe oss med dette. Til dette møtet ønskjer vi også at Jan Eri tek del for å orientere oss om Dis-treff og om GEDCOM.

Vi prøver oss på fylgjande agenda: Start kl 11.00 avslutning ca 16.00

1. Jan Eide innleiar med orientering om DIS-Sogn og Fjordane.
2. Kommentarar og spørsmål frå dei frammøtte. Framdrift og ynskje om satsingsområde.
3. Jan Eri leiar DIS-Norge, tek for seg DIS-TREFF og bruk av denne databasen
4. Matpause frå kl 13 til kl 14.
5. Jan Eri orienterer om bruk av GEDCOM ved overgang til nye program og innhenting av data frå andre.

 

Vel møtt!

Jan Eide, leiar

Referat frå medlemsmøtet i DIS-Sogn og Fjordane

6. oktober 2001

Møtestad: Skei skule, Skei i Jølster

Det møtte 8 medlemer. Dessutan møtte Jan Eri, leiar i DIS-Norge med sambuar Anne Mette Bjørgen.

Leiar i DIS-Sogn og Fjordane, Jan Eide, ønskte alle velkomen til årsmøtet og var spesielt glad for at Jan Eri, leiar i DIS-Norge, nok ein gong ville ta turen til Sogn og Fjordane. (Eri var på årsmøtet vårt den 24. mars i år).

Styret hadde valt å setja opp Gedcom og DIStreff som tema på møtet og Jan Eri fekk ordet for å orientera:

Tenester i DIS

Jan Eri orienterte om medlemstilbod i DIS av varer og tenester som medlemer eller lokallag kan kjøpa til redusert pris. Han nemnde ”bibelen” for slektsgranskarar ”Våre Røtter”, andre hefter og skjema. DIS-Norge hadde dessutan inngått prisavtale med eit firma for trykking av slektsbøker som medlemene kunne nytta.

Gedcom

Gedcom er ein standard for utveksling av slektsdata og kan nyttast til følgjande føremål:

Ulike slektsprogram kan utveksle data med kvarandre
Når ein ynskjer å byta slektsprogram kan ein overføra heile databasen frå det eine programmet til det andre.
Nytta Gedcom som tryggleikskopi av slektsdatabasen.
Overføring av slektsdata til DIStreff .
Vi treng eit sams dataformat for å beskrive slektsdata som alle slektsprogram kan forstå.

Etter denne orienteringa tok vi matpause 13.00 – 14.30.

DIStreff

Etter matpausa orienterte Jan Eri om DIStreff. Dette er ein teneste frå DIS-Norge som gjer det mogeleg å finna andre medlemer som forskar på ein eller fleire av dei slektslinene ein sjølv forskar på.

Kvifor gje sitt tilskot til DIStreff?

  • Ein kan koma i kontakt med andre som har ein eller fleire av dei same personane i slektsbasen som ein sjølv og såleis utveksla informasjon.

Ein får attende informasjon om sin eigen slektsbase der ein får sjekka:

  • register av slektsnamn
  • dublettar
  • logisk sjekk på årstal
  • presentert delar av av data på Internett

Til slutt vart det høve for dei frammøtte til å stilla spørsmål.

Møtet slutt ca. kl. 15.30.

Referent: Ottar Solberg