DIS-Norge
 
  English Norsk  

Minneord etter Geir Nilsen sin bortgang

Det var ei uventa og trist melding vi fekk om at leiaren vår i DIS Sogn og Fjordane, Geir Nilsen, døydde brått på Haukeland sjukehus den 25. januar.

Geir vart vald som styremedlem i DIS Sogn og Fjordane i 2004 og tok over som leiar i 2008. Han har vore ein engasjert, inspirerande og dyktig leiar. I tillegg til arbeidet som leiar var han DIStreff-fadder. Geir såg tidleg at registrering og fotografering av gravminne var eit verdfullt tilbod til slektsgranskinga. Han var pådrivar for dette i Sogn og Fjordane og registrerte/fotograferte gravminne i fleire kommunar. Geir sine gode datakunnskapar fekk han nytte av i vervet som leiar. DIS-Norge/DIS Sogn og Fjordane er takksam for alt arbeid som Geir la ned gjennom alle desse åra. Våre tankar og medkjensle går til Geir sin familie som no sit att i sorg og sakn.