DIS-Norge
 
  English Norsk  

Slektforskardagen 2015

Slektforskardagen 2015 vart i år markert med to arrangement i fylket vårt. Hovudmarkeringa gjekk føre seg på Sogn Folkemuseum på Kaupanger, kor ei lita gruppe på 8 personar var samla i høve dagen. Leiar Kjell Loen ønskte dei frammøtte velkomen, og deretter tok Per Olav Bøyum forsamlinga med inn i Fylkesarkivet sine kjelder. Dei frammøtte fekk mellom anna sjå gjennom eit døme på korleis ein kan finne opplysningar om ein person gjennom dei ulike databasene ein finn på Fylkesarkivet sine nettsider. I tillegg til dette viste Ottar Solberg korleis ein kan leite etter namn til dømes i Digitalarkivet, og dei som kom fekk høve til å stille spørsmål om eigne slekter. DIS Sogn og Fjordane spanderte kaffi og sveler på deltakarane, og det vart ei triveleg stund på Sogn Folkemuseum.

I tillegg til hovudarrangementet i Sogn var det også eit arrangement på Florø Folkebibliotek i høve dagen. Arrangementet i Florø var eit samarbeid mellom Flora Historielag og lokale medlemmer av DIS Sogn og Fjordane, og det var 6 personar som deltok på dette.

 

Bileta er frå arrangementet på Sogn Folkemuseum.