DIS-Norge
 
  English Norsk  

Spørreundersøking frå DIS Norge

DIS-Norge feirar 25 år i år, og gjennomfører for tida ei stor medlemsundersøking.

Undersøkinga er sendt ut til alle medlemmer på e-post, og dette er eit godt høve til å kome med innspel til organisasjonen. Så sjekk innboksen din, og sjå etter ein e-post frå TNS Gallup med emne "Spørreundersøkelse fra DIS".

Svarfristen er fredag 25.september, og alle som svarer innan fristen er med på trekninga av bokserien "Norvegr- Norges historie". Det vert trekt ut to vinnarar.

Om du er medlem og ikkje har motteke e-post frå TNS Gallup, kan det vere at DIS Norge ikkje har den rette e-postadressa di. Ta då gjerne kontakt med DIS Norge, slik at dette vert retta opp.